2018 markerer 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje sin fødselsdag. Vinje vart feira med innslag frå ulike grupper i laget; koret og kvedargruppa song, ungdomsringen dansa til juniorspelemannslaget sin tonar, og Guro Haugen og Thea Sjule framførte ein song. I tillegg kom Jens Khil innom for å halde føredrag om Vinje og journalistikken, og Kirsti Bakken Kristiansen( biletet) hadde konsert og fortalde livleg om Vinje sitt liv. Publikum fekk servert betasuppe, kake og kaffi, og fekk bryne seg på quiz. Kvelden vart avslutta med ‘Blåmann’ som allsong.
Kirsti hadde i tillegg kvedekurs i Gimle same føremiddag, med 17 deltakarar.

Foto: Kjersti Johanne Nybø
Sundag 19. februar vert det Familiesundag i Gimle. Då er alle invitert til å vera med på ulke småkurs, danseforestilling og familiefolkedanskveld. Kvart kortkurs kostar kr. 50,- Det vert servering av pølser og frukt kl. 15.30. Deretter vert me tatt med på danseframsyninga “Danse i en ring”, som er Bergen ul Ervingen sitt bidrag i “Den kulturelle skolesekken”. Så vert det dans for heile familien til musikk frå Bergen Juniorspelmannslag. (kr. 60/ 80 for vaksne. Gratis for barna.)
| Klokka 13-14.10: | Kurs i kveding |
| Kurs i hardingfelespel | |
| Foreldrekurs, hardingfele | |
| Klokka 14.20-15.30 | Kurs i halling |
| Kurs i hardingfelespel | |
| Folkedanskurs for foreldre, dei over 14 år | |
| Klokka 15.30: | Pølser og saft (gratis) |
| Klokka 16.00 | "Danse i en ring"- framsyning (Barn gratis / vaksne kr. 60/80) |
| Klokka 17.00 | Familiefolkedans |
]]>
Måndag 30. januar kl. 17.00 syner Bergen Kino filmen “Med hjertet i dansen“. Filmen handlar om gleda i å dansa og ynskje om å bli god. Men mest av alt om å ha ein ven å støtta seg til når ting vert vanskeleg. For deg som elskar dans, møt tre jenter som ikkje kan leva utan! Kjøp billettar her! Filmen passar godt for alle som likar å dansa, eller kjenner noko som dansar. Titillate for alle. Barnefilm, dokumentar, familiefilm.
Same kvelden kl 19.00 kan ein sjå filmen “Kvar song ei soge”. Alle er invitert til å sjå den Amandanominerte filmen «Kvar song ei soge», ein film av Aaslaug Vaa. Opp gjennom hundreåra har songtradisjonen, eller kvedinga, hatt ein viktig plass i norsk kultur. «Kvar song ei soge» er ein film om dei som syng, som set pris på og fører desse songane vidare den dag i dag. Me håpar at alle har lyst å vera med på kinokvelden, og det er sjølvsagt lov å ta med venner og kjende. Kjøp billettar her. Dokumentar. Tillate for alle.
Fylkesstemnet er for dei som dansar, driv med teater, spelar eit instrument, eller held på med anna aktivitet. På stemna vert det ulike aktivitetar, dans, disco, uteaktivitetar, kiosk, underhaldning, ballspel, overnatting på sovesal/klasserom, leik og moro. Håpar du og ditt lag vil koma til oss denne helga.
Stemneprogram, aktivitetar og påmeldingsskjema til stemna vert send ut over nyttår. Me har sett påmeldings- og betalingsfrist til stemna den 28. april 2017.
Stemneavgift:
Avgifta er kr 800,- for born som er medlem i NU og kr 900,- for dei som ikkje er medlem. Leiarane / føresette som er med skal betale same avgifta som borna.
Samdans- / spelprogram:
Me har laga eit felles program som vert vist ein gong i løpet av stemna. Det vert ei samling for instruktørar i dans og spel, laurdag 28. januar kl. 15-17 i Gimle, Kong Oscarsgate 15.
Påmeldingsfrist 13. januar, til kontoret@bergen.ungdomslag.no
Framsyning, utstilling, konsert osb
Dei som driv med teater, foto, kunst, dans, musikk eller andre aktiviteter er velkommen til å vise dette i løpet av helga. Me håpar mange vil bidra slik at stemna vert mest mogleg mangfaldig!
]]>
Mellom anna får du høyra vårt eige Juniorspelmannslag, som vann klassa for Lagspel junior under Landskapplieken i sommar. Me er utruleg stolte over dei unge spelmennene våre, og ynskjer dei lukke til i Operaen, og på Oslokappleiken same helga.
Til saman er det nitten klassevinnarar frå Landskappleiken og sju klassevinnarar frå Landsfestivalen som skal stå på hovudscena sundag 20. november. Dette utgjer i overkant av 110 utøvarar frå ulike delar av landet. Her vert det solistar, dansepar, grupper, danselag, spelemannslag og utøvarar i aldersspennet 9 til 80 år, som alle vil vera med og visa breidda og kvaliteten som er i folkemusikken. Alt ligg til rette for at det vert ein minnerik Meisterkonsert i Operaen i år også!
I løpet av konserten vert det også utdeling av Folkelarmprisar, kåring av årets arrangør, årets lokallag og utnemning av årets folkemusikar. NRK har i mange år vore med på Landskappleiken og gjort opptak av utøvarar. Folkemusikktimen sitt 85-årsjubileum vert ein del av konserten, og den vil bli sendt direkte på NRK P2 frå kl 18:00-19:00. Sigrid Moldestad, Ole Aastad Bråten og Leiv Solberg vert programleiarar, medan Silje Onstad Hålien har fått oppgåva i å sy saman konserten.
Les meir: http://www.folkorg.no/desse-skal-opptre-operaen-20-november
]]>
Men òg utover ettermiddagen og kvelden vert det nok å ta seg til. Mønstringane skal vara frå kl. 11-16, og klokka 16 vert det familiefolkedans for dei yngre og dei som kjem i fylgje med dei. Her spelar mellom andre Bergen juniorspelmannslag til dans, det vert lett servering og leia dans og leik. Klokka 19.30 er det dansekveld for ungdom og vaksne, òg denne i Gimle. Her vert det dans til variert musikk – både vårt eige spelmannslag Audhilds, gjester frå Osterøy spel- og dansarlag og ein av våre favorittspelmenn, Håkon Høgemo, står for musikken.

Familiefolkedans i Gimle
Du kan lesa meir om påmelding, dommarar, prisar og overnatting på heimesidene våre, og Facebook-hendinga finn du her.
]]>Kjøp billettar: https://bulervingen.ticketco.no/ljom2015
Les meir om kva som skjer: ljombergen.no

I år er det 10 år sidan BUL Ervingen og BUL Bergen fann saman til Bergen ungdomslag Ervingen! I tillegg er det òg 100 år sidan Gimle vart kjøpt og 50 år sidan Fensal vart kjøpt. Dette skal me sjølvsagt feire!
16-18 oktober vert det storslagen jubileumsfeiring, og me har vald å kalle jubileumshelga for Ljom. Det vert mykje ljom i både Gimle og Fensal med kurs, fest, spel, dans og song!
Om de treng overnatting i Bergen har me fått ein god avtale med Hordaheimen. Om de tingar før 11. september ved å sende ein epost til annrita@hordaheimen.no kostar det kr. 695,- for einskildrom per natt inkludert frukost, og kr. 895,- for dobbeltrom per natt inkludert frukost.
]]>