Omtaler av tilbehør
Thu, 24 Sep 2026 16:10:55 +0000
Joomla! - Open Source Content Management
nb-no
Skogrand - ny, norsk produsent av høgtalarkabel
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/551-skogrand-ny-norsk-produsent-av-h%C3%B8gtalarkabel
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/551-skogrand-ny-norsk-produsent-av-h%C3%B8gtalarkabel
Skogrand SC Air - Solid Core referanse høyttalerkabler Det har vore ein del ordveksling rundt ein ny aktør som prøver seg i kabelbransjen. I staden for å krangle, var eg om meg, tok kontakt, og fekk tilsendt eit dobbelt sett på to meter til utprøving. Les meir: Høgtalarkablar er eit interessant felt, men mitt inntrykk er at det er mange som leikar seg i skjeringspunktet mellom reelle lydmessige skilnadar og subjektive, placeboaktige opplevingar som ligg meir inne i hjernen enn i det vi eigentleg sansar. For fleire år sidan prøvde eg meg på ein samanliknande kabeltest, med så få variablar som mogleg, men det tok heilt knekken på meg. Importørane signaliserte at kablane ikkje berre skulle spelast inn, men at dei også skulle vere oppkopla nokre dagar før seriøs lytting kunne gjennomførast. Når du så har fire –fem ulike kabelsett, går det veldig fort å miste oversikta, og eg brukte over eit halvt år på å få skrive artikkelen. Eg fekk skrekken, og har vore ganske tilbaketrukken i debattane som har rasa rundt dette. Men så er det slik at nye, norske aktørar på hifimarknaden må få ein sjanse. Og her er eit ganske greitt produkt, ein høgtalarkabel der massive koparleiarar ligg inne i ei strømpe av teflon, med skikkeleg solide terminalar. Enkelt og greitt, og kanskje akkurat det som skal til for å få god lyd? Kablane kom i ei solid transportkasse med skikkeleg polstring, slik at ein kan vere sikker på at ingenting kan skje med terminering eller kablar under transport. Ei DIGER t-skjorte med Skogrand-Logo var også vedlagt, utan at denne har vorte sett på som testobjekt (vel kan det tenkjast at eg har lagt på meg dei siste åra, men trøya var rett og slett for stor…) Kvelden før fjerna eg mine referansekablar, rimelege modellar frå Synergistic Research, og erstatta dei med Skogrand SC Air. Dette gjekk ganske greitt, men kablane var svært stive. Eg måtte vere ganske forsiktig så eg ikkje bøygde koparen unødig, eller utsette termineringane for påkjenningar dei ikkje tålte.Kablane var altså blodferske, og eg sette på anlegget kvelden før mi faste kritiske lytteøkt laurdag, og spelte ganske lavt nokre minutt. Fyrsteinntrykket var veldig lovande, med tydeleg tendens til forbetringar i bassen. Men ting måtte få gå seg til, og eg tok sjansen på å la anlegget stå på natta over med musikk på.Neste morgon var forventningane klare, og den kritiske lyttinga tok til. Eg spelte nokre innleiande rundar med vinyl, og oppfatta at her faktisk var skilnad. Og med dei nye høgtalarane var det lett å detektere dei også, sjølv om mbl 101Emk2 har eit stykke att før dei er skikkeleg innspelte. Fyrste lyttedag:Etter å ha spelt litt forsiktig i starten hadde eg danna meg eit inntrykk av at bassen var veldig kontakt og veldig presis. Ei tørr bassattgjeving, veldig tørr, med massevis av detaljar, og tydeleg teikning av korleis bassgitaristane oppførte seg på dei ulike opptaka. Men denne tørre tendensen gjorde seg gjeldande også elles i frekvensane oppover. Tendensen vart ekstremt tydeleg når eg tok til å skru opp volumet, og til sist vart det noko slitsamt. No spelar eg normalt ikkje så veldig høgt. Konsentrasjonen er betre når eg ikkje overdriv, men i dag vart det litt høgt. Dynamikknyansar var lette å høyre, og når det gjeld diskant var det moro ei stund, heilt til eg faktisk kjende meg stressa av attgjevinga. Så eg dempa lydstyrken og heldt meg til normale lydtrykk. Likevel var diskanten ikkje optimal. Kva var dette? Er kablane såpass spesielle lydmessig? Eller er mbl 101E2 så langt unna ferdig innspelingstid at det dukkar opp markante endringar? Eg har tidlegare sansa at toppoktavane ikkje på langt nær er stabile, sjølv om dei har vore bra no ei stund. Det kan tenkjast at det kom eit ”ras” av endringar då eg drog på litt. Så skifta eg frå vinyl til Spotify Premium via Sonos. Dette er kanskje fy-fy, ettersom eg får litt loudness og komprimering, og mister ein del detaljar samanlikna med "ekte" innspelingar, men no ville eg prøve mykje musikk fort, og då er Spotify konge.Eg spelte ei runde med Randy Newman (Dixie Flyer, Falling In Love, It’s money that I love, Short People,) Billy Joel (Scenes from an Italian restaurant, Just the way you are, Only the good die young, My Life, og til sist You may be right) og likte ikkje det eg høyrde. Veldig tydeleg piano, tendens til å vere superanalytisk, og til tider kunne det nesten verke som mikrofonane låg inne i pianoet under opptaket. Var dette kablane si skuld? Eller høgtalarane? Kanskje Copland CTA 520 er ekstra stressa med kablar og så tungdrivne høgtalarar? Dette måtte undersøkjast nærare, og no var eg mest motivert for å høyre kva som skjedde når lydtrykket aukar og det hardnast til i musikkvalet. Eg plukka ”Get the Party Started” med Pink, Bon Jovi “Living on a Prayer”, Steve Winwood; “Valerie”, og Shanaya Twain “Still the one”. Det var blanda drops, ikkje berre musikalsk, men også når det gjeld kor god musikkformidlinga var. Erikah Badu: “Baduism” var ekstra imponerande, sjølv om resonansane frå ymse gjenstandar i og utanfor stova tok til å danse med. Men her var iallfall Skogrand-kablane eintydig positive, og til god hjelp for å skape betre lyd. No gjekk eg attende til mine referansekablar, og prøvde dei. Ganske rett, den tørre attgjevinga vart meir normal, og - skal vi kalle det "harmonisk"? Men eg miste også den gode attgjevinga av ”Baduism”. Det var tydelegvis ikkje så mykje effektforsterkar og høgtalar som stod for endringane, høgtalarkablane har ein god del av æra (eller skal vi seie skulda) for totalen. Eg vart trøytt i øyra relativt tidleg, endå lydtrykket ikkje gjekk høgre enn det som eg for skams skuld måtte opp i når det skulle spelast rølpemusikk. Så venta eg til neste morgon for å lytte meir kritisk, medan anlegget vart sett over på Popquiz og andre radiooppgåver. Andre lyttedagLittle Feat ”Two Trains” på livealbumet let heilt fantastisk. Det klarast opp i eit etter måten ganske komplekst og til tider rotete lydbilde, og best av alt, bassen markerast så tørt og presist at det er råd å høyre detaljane som gjev oss heile musikkinntrykket. Veldig ofte, særleg på anlegg der det skal spelast djup bass og kompromissast, greier ikkje eit anlegg å formidle dette. Og det må innrømmast at sjølv om mine meir audmjuke Synergistic Research ikkje gjorde nokon dårleg jobb, er dette langt betre. Og nettopp på dette albumet ”Live from Neon Park” kjem Skogrand-kablane til sin rett. Det er som bandet har fått ryddehjelp. Og ”Hates to loose” har aldri gjeve meg større opplevingar enn det eg får ut av dette no. Toppen av kransekaka er likevel nummeret ”Dixie Chicken”, der to slidegitarar saman med rølpe-piano hausar seg opp. Høgdepunkta kjem tett når halvville publikummarar høglydt går av skaftet på same tid, og eit par trompetar også vil vere med, slik at det totale kaos i lydbildet er farleg nær, men utfordringa har eg aldri fått betre servert. Erykah Badu ”Baduism” fekk seg ein omgang til, no frå CD. Det er tydeleg at musikken tener også no på oppryddinga i bassen. Her slepp trykket godt gjennom utan bremse av noko slag, men strammast opp til same imponerande djupbassen vi er kjende med, berre på ein meir kledeleg måte. Det ser ut som denne oppklaringa kan vere eit pluss der lydbildet er rotete, og eg sette på ein del av ungdomsmusikken min. Bad Company var ikkje så tente med dette, medan Blood, Sweat and Tears kunne nytast i detaljrikdomen, og det umiddelbare og ekte i vokalattgjevinga. Eg har sans for tromboneklang, og den kjem no gjennom, både her og på andre opptak. Eg gjekk gjennom ymse rockemusikk med ein viss kompleksitet, og må seie at det er flott å få rydda i bassområdet og ein del oppover, men at det til tider ikkje er rette kabelvalet. Mi subjektive oppleving av Moody Blues, Creecence, Procol Harum og andre band frå denne epoken på ulike måtar ikkje fungerer i anlegget mitt no når Skogrand-høgtalarkablane er inne. Og om du spelar moderne opptak som er komprimerte, vil du tydeleg registrere at dynamikken er kappa ned. Glatt nok, men irriterande lett å legge merke til med godt utstyr. Det ser ut som tendensen er at dynamisk, bassrik og kompleks musikk der elektriske instrument dominerer, er favorittmaten. Men også dei aller øvste overtonane er sterkt fokuserte, og om du spelar musikk med nærfeltsopptak av spesielt damestemmer (døme: Haugtussa med Lynni Treekrem) vert det heile noko anstrengt. Det er eg ikkje fornøgd med. Bassen derimot, må seiast å vere ganske så fullkomen. Same fenomenet gjer seg gjeldande på Yello ”The Eye”. Bassen i storform, men for anstrengande og overfokusert i den aller øvste toppdiskanten. Usikker i vurderingsarbeidetKabelarbeid er veldig konsentrasjonskrevjande, og det er som sagt større utslag ved å skifte til dømes høgtalarar enn kablane deira. Vi snakkar om nyansar, i seg sjølve er dei små, men i eit gjeve oppsett kan dei vere viktige. Dess mindre skilnadar (og dess dyrare testobjekt) som skal omtalast og vurderast, stig kravet om å vere sikker på at ein har høyrt rett. Det er mange placeboliknande faktorar som spelar inn. Eg hadde fått mykje å tenkje på etter andre lyttedag. For å utforske om mi lange tilvenningstid på Synergistic Research hadde vorte vanedannande, og såleis gjorde meg ”fartsblind” med tanke på Skogrand sine kvalitetar, lot eg Skogrand vere fast oppkopla i anlegget nokre veker, der eg var opptatt i helgane, og berre lytta seriøst innimellom andre gjeremål. Eg er veldig nøye med å "kalibrere" meg når eg skal vere presis, og lyttar berre seriøst laurdag og sundags morgon. elles går det mykje i Spotify og radio for tida. Og for innspelinga av høgtalarane sin del, står dette på dag og natt, med ganske høgt volum dei timane vi er på jobb (for ikkje å nemne då eg var på The Wall-konsert, og helga etter, då vi var bortreiste i konfirmasjon. Mykje hadde skjedd med høgtalarane i denne tida) Så vart det mindre helgestyr, og dei vanlege testrutinene kunne ta til på ny. Min vanlege testlaurdagsmorgon gjekk med Skogrand som einaste høgtalarkabel, medan eg spelte musikk og prøvde ut nokre andre produkt. Fokuset var på endringar i høgtalarane etter nokre hundre timars innspelingstid, men eg meinte at lydmessige endringar som kan vere kabelrelaterte, hadde vorte "hyggjelegare" å lytte til - altså hadde eg vore gjennom ei slags tilvenning, som vi kunne vente. Alt dette førte meg fram mot siste test-søndagsmorgon, då Synergistic igjen skulle inn for siste samanlikning. Det vart spelt gjennom ein del musikk ganske raskt tidleg på morgonen med Skogrand i anlegget. Eg passa på at musikalske repertoaret som vart brukt var sterkt varierande, og hadde også A/B utprøvingar mellom vinyl, CD og Sonos/Spotify. Så skifta eg til Synergistic, og gjentok musikkutvalet slavisk. Det synte seg at inntrykka frå dei tidlegare utprøvingane var ganske like, men at eg kanskje la vekt på ting på ein annan måte. Her kan ein ikkje utelukke at innspelinga av høgtalarane har vore ein variabel eg ikkje har hatt kontroll over, men eg tek likevel sjansen på å meine litt om resultata. Mine subjektive opplevingar når det gjeld å ”like” den eine kabelen framfor den andre, er ikkje tema her. Ingen av kablane fungerer 100% optimalt i det oppsettet eg brukar no, men eg kan tenke meg at Skogrand hadde fått fram meir konsis bassattgjeving heilt i botnen då eg hadde InnerSound som referansehøgtalar. Det er heilt tydeleg at djupbass kjem lettare gjennom, med meir slagkraft enn Synergistic. Så du likar å lytte til musikk som baserer seg på den absolutte botnoktaven, spesielt klassisk musikk der basstrommer (og kanoner, om du har 1812-overtyra på repertoaret) får ta seg heilt ut, er det veldig greitt med Skogrand. Men om du brukar Synergistic saman med mbl, er det slett ikkje nødvendig. Her er uansett eit sinnsjukt attakk. Lenger oppe i bassområdet er skilnaden mindre, men Skogrand teiknar laupa til bassgitaristane meir tydeleg. Mange døme kan trekkjast fram, men gamle Popol Vuh sin ”Leaving Chicago” var ein stad der eg la tydeleg merke til dette. Mellomtonen er kanskje det området der dei gamle Synergistic passar best for meg. Det er veldig vanskeleg å vurdere kva alternativ som er best i diskantområdet. Skogrand løyser veldig opp, men er på ein måte uharmonisk, og det på ein måte som eg legg veldig lett merke til på mbl-høgtalarane, som no sannsynlegvis er ganske så innspelte. Lydbildet er kanskje det eg var minst fornøgd med. Eg trur eigentleg ikkje dette heng direkte saman med eigenskapar i kablane, men at måten kablane verkar inn på dynamikk og klang er eit forstyrrande element når Skogrand vert samanlikna med den noko maskerande, men meir ”harmoniske” Synergistic Research.Og om ein er ute å la seg irritere (eller begeiste) over loudness på ”harmoniserte” opptak, der ein har fjerna dynamikken, er dette meir fokusert når Skogrand-kablane er i anlegget. På den andre sida er det også meir frydefullt å lytte til Yello og musikk med veldige djupbass-attakk.. KontrolltestFor å sjå om mb/Skograndl er ein dårleg match, fekk kablane seg også ein rask tur i lytterom #3, der JBL TL 260 er plasserte. Og her fekk solid-core-kablane briljere samanlikna med dei gamle Monster-kablane som høyrde til oppsettet. Det å få meir definisjon ut av bassen gjorde seg, og øvre bass/ mellomtone var denne forførande JBL-aktige som er så utruleg musikalsk å høyre på. Diskanten var heller ikkje noko problem. JBL har ein total annleis diskant enn mbl, musikalsk nok, men langt frå så oppløyst og detaljert. Her er det mindre sjanse for å legge merke til noko ”ureglementert” i attgjevinga. Og lybildet var ”greitt nok”, slik TL 260 har for vane, men naturlegvis langt unna det som er eit av dei sterkaste korta til den iallfall 16 gonger dyrare mbl. Praktisk brukEg hadde ingen problem med Skogrand bruksmessig. Men det er ”hardcore” (iallfall solidcore) av argaste slag, så det er ein viss fare for at mykje bryting og bending av kablane kan føre til at dei knekk. Eg har difor stor sans for pakkinga i ei skikkeleg verktøykasse med demping, slik at ein eliminerer faren for transportskadar. Pakkinga er veldig skikkeleg. Då vert utfordringa å pakke dei ut og plassere dei skikkeleg i anlegget. Ettersom eg har ein familie som etter kvart har opparbeidd stor ekspertise når det gjeld å gå over høgtalarkablar (ein god del gjennomfart går over høgre høgtalarkabel), gjekk dette bra i testperioden, men du kan ikkje rekne med at kablane vil føye seg etter dine behov, dette er stive, grove greier. Men dei er veldig skikkelege med tanke på å feste dei til høgtalarane. Dei grove spadane eg fekk påmonterte passa veldig godt til mbl sine ”sveisekontakter”, og eg var aldri redd for at dei skulle løsne. For meg kjentest det ut som utmerka loddearbeid, utan at eg gjorde forsøk på å inspisere sjølve loddinga. Men dei løsna iallfall ikkje av litt draging i pluggane. KonklusjonPå mange måtar vil Skogrand vere ein kabel det kan vere lurt vurdere i mange anlegg. I den grad du vil hente det siste ut av dynamikk, særleg i bassområdet er desse nye produkta i stand til å gjere ein god jobb. Dei har eigenart; ein liten, men tydeleg innverknad på dynamikk og klangbalanse som markerer sider av lydattgjevinga som kan vere akkurat det du saknar i ditt anlegg. Men det kan også vere at dei ikkje passar din smak. Sjølv er eg ingen kabel-feinsmecker, og har tatt slikt med stor ro. Men gjennom nye referansehøgtalarar vert dette området ein god del klarare, slik at eg kanskje må gje kabelproblematikken større fokus enn kva eg har gjort tidlegare. Best av alt likte eg evna Skogrand hadde til å få ut kvar ein trevl av djupbassdynamikk i anlegget, noko som kan vere rette tingen når du har ein høgtalar som spelar djupt, men ikkje artikulerer kreftene som er i arbeid i det djupaste frekvensområdet. Det har vore interessant å prøve kablane ut i to anlegg, der det gjorde svært mykje bra i det eine, medan dei ikkje var heilt optimale for det andre. Uansett ein produktdebut som det er verd å merke seg. ]]>
ajeem@online.no (Arve Åheim)
Tilbehør
Sun, 15 May 2011 14:03:00 +0000
Under anlegget - ein blogg om eit tweak
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/544-taoc-soundcare-og-sann
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/544-taoc-soundcare-og-sann
Utprøving av ulike bein under rørbasert riaa. Det leverast massevis av tweake-utstyr til den ihuga audiophile. Nokre av desse tinga går meir i retning kosmetikk snarare enn lydforbetring, men nokre ting kan overraske. Eg får frå tid til anna inn utstyr til utprøving som er vanskeleg å teste skikkeleg, iallfall der & då. Ein må ha relevant utstyr å prøve dette ut saman med, og helst tilsvarande med tanke på samanlikningsgrunnlaget. Denne gongen skal eg prøve å omtale effekten du får av ulikt underlagsmateriale under elektronikk - bein som skal isolere apparatet frå vibrasjonar frå omgjevnadane. Det er lite tvil om at underlag har mykje å seie for dei lydlege resultata når det snakkast om høgtalarar. Her er det stor skilnad på hardt betonggolv, flytande parkett eller tjukt teppe. Høgtalarprodusentar som innsåg dette, hadde store føremonar når dei monterte spisse spikes under høgtalarar som stod på vegg-til-vegg-teppa som var så moderne på midten av 80-talet. Problema dukka opp når folk såg seg råd til parkett. Det var lite greitt å lage hol i dette underlaget. Så det dukka opp ulike løysingar på problemet. Holfi laga hardgummi-klossar som ikkje skada parketten, og fungerte som ein slags vibrasjonsdempar. Desse fungerer utmerka til visse høgtalarar, slike som ikkje er høgre enn meteren, og med relativt stor vekt, 30 kg ++, om ein skal prøve å seie noko generelt. Men til andre høgtalarar, mellom anna mine referansar Innersound Eros, dempar dei bassen og kan gjere ting i lydbiletet ganske dårleg definert. Spikes har heilt anna effekt, men stikk som sagt hol i parketten. Smartingar la 25-øringar under spikane, men sjølv om parketten vart berga, hadde dette negativ effekt på lyden, iallfall så lenge du hadde fire bein under kvar høgtalar. Med tre fungerte det betre, men då vart iallfall mine 1,75 meter høge høgtalarar litt for vaklevorne til at eg tok sjansen på opplegget. Glad var eg difor då eg kom over Soundcare. Betre lyd enn alt anna eg hadde prøvd under høgtalarane, ikkje så skrekkeleg dyrt, og kjempeenkelt å arbeide med. Eg vart så begeistra at eg prøvde Soundcare under alt mogleg, og lytta spent etter dei lydlege endringane. Under min dåverande platespelar Linn Sondek LP 12 var det ein klar skilnad, men eg sleit med å bestemme meg om det var til det betre. Det vart mindre markant bass med Soundcare, så etter kvart gjekk eg tilbake til det vanlege LP12-oppsettet. Eg prøvde sjølvsagt ut dette under min 15-rørs Audio Research SP 10. Under straumforsyninga var det uråd å merke effekt, men under forsterkardelen meinte eg at eg kunne spele høgre utan at ting ”grauta seg”. Eg kunne også ane at ein del Zappa-vokal vart stramma opp, same effekt som eg høyrde når eg gjekk frå vanlege bein til Soundcare under høgtalarane. Men dette var altså berre svake endringa som ikkje kunne merkast skikkeleg, sjølv under direkte samanlikningar. Så vart Soundcare systematisk prøvd under alle forforsterkarar og effektforsterkarar eg fekk inn til test ei periode, til eg hadde lurt meg sjølv mange nok gongar til å tru feil om det var Soundcare eller ikkje under dei. Når det er rør med i oppsettet, har Soundcare mykje for seg. Men elles er effekten så liten at eg personleg ikkje gidd bry meg. Bagatellmessige endringar etter mitt syn. Eg har difor ikkje brukt Soundcare under anna enn høgtalarar sidan den gong. Eg har også prøvd Holfi sine gummiklossar under ulike produkt, men er ikkje fornøgd med dei andre stadar enn under JBL TL 260, og under elektronikk gjer dei slett ingen skilnad, iallfall ikkje positivt.Men dette gjeld altså for meg, og i mitt lytterom, der eg har basert meg på vegghylle for vinylriggen, og ei lita ”bøylehylle” under, der riaatrinnet står. Ordninga er aldeles utmerka, og du skal spele svært høgt for at riaaen skal påverkast. Trur eg då... No kom det utfordring frå Snapa: nokre bein av merket TAOC (produsert av Toyota, kunne Håvar fortelje meg) som vart tilrådd i bruk saman med elektronikken han leverer. No har eg spelt på Rogue Ares i snart ein månad, og meiner han er godt innkøyrd. Eg har til no ikkje prøvd å endre underlaget til dette riaatrinnet, men har no gjort meg opp ei meining om dei lydlege kvalitetane. Og det er på sin plass å registrere om det vert konsekvensar ved å bruke TAOC eller andre underlag. Eg fiska fram Soundcare til samanlikning, og kom på at eg hadde fått tilsendt nokre andre tilsvarande produkt, mellom anna frå Viablue, som eg har prøvd ut i ein del samanhengar, men aldri samanlikna grundig med konkurrentar. Dei måtte no få sjansen til å vise sine eigenskapar.For å avgrense talet på variablar, brukte eg tre slag ”bein”, tre av kvar, og spelte ”Don Juan`s Reckless daugther” av Joni Mitchell fyrste side. Kuttet ”Cotton Avenue” vart også spelt via Sonos/Spotify umiddelbart etterpå, der eg fyrst av alt passa på å justere nivået til å vere så likt vinylen som råd. Det er lett å la seg lure av skilnad i lydstyrke når ein gjer slike samanlikningar. Til vil eg kontrollytte ein gong til ved å spele fyrstesida av ”Dark Side of the Moon” av Pink Floyd. Fyrste økt gjekk utan noko som helst - riaatrinnet låg direkte på vegghylla, utan at dei medfylgjande gummibeina hadde kontakt. Slik har eg spelt ei stund. Samanlikninga med Spotify-Sonos førte til meir avdempa dynamikk, ikkje så markant bass, til tider irriterande kald klangbalanse over Mitchell si stemme, og eit flatare lydbilde, men eigentleg forbausande bra når ein tenkjer på kor lite påkosta slik nettstreaming er samanlikna med vinylriggen. Så tok eg fram fyrste sett ut – Soundcare. Med Soundcare: Lat oss gjere det klart at skilnadane ikkje var dei heilt store samanlikna med vegghylle åleine. Men eg skrudde opp volumet til såpass at eg risikerte at resten av familien vart lokka til å stå opp... ved høgre volum, vart det råd å høyre skilnad. Så då eg veksla litt fram og attende, fekk eg klar ein slags signatur frå Soundcare.Gitarlydane kjem meir fram i lydbiletet, Mitchell si stemme vert ikkje fullt så overeksponert som ho er på denne innspelinga. Pastorius-bassinga vert svært tydeleg og teiknast knivskarpt. Det kan verke som det løysast betre opp. Men ikkje heilt det attakket når Pastorius tek tak i strengane på bassgitaren. Samanlikna med det aller beste eg kan hugse å ha høyrt, altså. Og merkeleg nok – Spotify/Sonos-kontrollyttinga kunne også understreke at her var forbetringspotensiale. Med Viablue sine tredelte spikes: Bassen vart ganske sterkt stramma opp, og umiddelbart høyrdest det ut som mindre nivå, men ganske fort var det tydeleg at dette gjorde lyden meir korrekt. Vokalen til Mitchell vart plassert tydeleg – alt for stor (slik det no eingong er gjort på denne innspelinga), men tydeleg, og på den måten Mitchell truleg vil ha det. Dynamikken er meir markant, men på same tid svakare. Kanskje meir korrekt? Attakket til Pastorius var også tydelegare å høyre enn via Soundcare. Eg var ikkje heilt begeistra, men kunne ikkje heilt bestemme meg for om det var lydleg forbetring, dette her. Men det var iallfall høyrbare skilnadar. Så var det turen til TAOC. Håvar hadde sagt at det var ulik effekt ved å stille kjegla til spiken opp eller ned, så eg prøvde ut begge deler. Fyrst sette eg kjeglene slik at dei peika opp mot riaatrinnet, medan ”skåla” låg over.No vart Pastorius attgjeven mykje mindre stramt, men på ein svært musikalsk måte eg umiddelbart likte veldig godt. Men stemma til Mitchell vart mindre presist plassert, og liksom større. Noko som eg i utgangspunktet har latt meg irritere over på akkurat denne plata sidan ho kom ut. Det vart slik at sjølv ikkje den flottare Pastorius-bassinga gjorde opp for dette. Ved å hoppe til Spotify/Sonos vart rett nok stemma meir ”flat”, men tydelegare, meir artikulert i overtonane, om det kan seiast på den måten. Ille! Når ein finn ei langt meir primitiv lydattgjeving meir fordelaktig enn mitt analoge superoppsett, er det noko gale. Dersom eg ikkje er i ferd med å verte dauvhøyrt, då (Sjekka at eg framleis høyrer 16 kHz i går, så eg trur ikkje det...) Kan dette vere feil veg å stille TAOC, iallfall i mitt oppsett? Dei vart umiddelbart snudde. Og så kom ting på plass. Når kjeglene peikar nedover i gropa, fungerer dette veldig bra. Det gjev inntrykk av at Pastorius får ein bass med skikkeleg kropp og fylde, utan at det rotar til lydbildet eller gjer Mitchell si stemme feil på nokon måte. Også det uoversiktlege gitar-universet på denne plata vert råd å orientere seg i. Dei mange gonger dubba gitarane får ein heilskap, men slik at det vert råd å fylgje den einskilde gjennomføringa av stemma. Dette er svært gunstig.Så var familien vaken av min påfallande høgskrudde volumkontroll, og lytteøkta måtte dempast ein smule medan frukosten vart gjort klart. Og med dempa lydtrykk var skilnaden mellom dei ulike dempebeina langt mindre..... Og dette var altså resultata ved å prøve ut tre bein under ein rørbasert riaa på ei vegghylle. Når vi spelar Joni Mitchell. Kan vi så konkludere med ”kva som er best?” Eg synes ikkje det. Eg må prøve meir. Dette er ein undervegsrapport, og ikkje ein ferdig test. Eg skal prøve DSOTM også, seinare i kveld. Denne sundagen må eg diverre jobbe…. Men hos meg akkurat no, er det ikkje tvil om at TAOC – vel å merke når dei står rette vegen – forbetrar lyden når eg skrur opp til "realistisk" lydtrykk.. Soundcare gjer også ein jobb, men ikkje så mykje at du merkar det utan ved direkte samanlikning. Dei små beina med tre spikes i til Viablue kvar kan stramme opp ting som er for upresise, og kan godt tenkjast å gjere ein perfekt jobb i ein gjeven samanheng. Skal du ha ein Rogue Ares riaa, er det lurt å prøve om du merkar det same som meg med TAOC. Pass på å stille dei rette vegen. Meir om dette seinare, når eg får prøvd ut fleire musikkslag og variablar.]]>
ajeem@online.no (Arve Åheim)
Tilbehør
Sun, 06 Feb 2011 09:39:03 +0000
IsoTek Sigmas straumrenseboks - betre enn Minisub?
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/296-isotek-sigmas-straumrenseboks-betre-enn-minisub?
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/296-isotek-sigmas-straumrenseboks-betre-enn-minisub?
For ei stund sidan skreiv eg ein halleluja-prega artikkel om Isotek Minisub II. No fekk eg den om lag dobbelt så dyre modell Sigmas på besøk, og har sidan prøvd å finne ut korleis desse to apparata påverkar lyden, og kva som er den mest fornuftige å kjøpe. Det har ikkje vore lett. Av Arve Åheim august 2007 Etter å ha hatt Minisub ei tid har eg fått prøvd ut effekten av slike nettfilter, og funne dei svært så velkomne i mitt anlegg. Så då den fire tusen kroner dyrare modellen dukka opp, tilslutta eg Sigmas så snart han var ute av emballasjen. Litt meir styr, då det er to kraftige brytarar i fronten under kabinettet som må slåast på før det går straum gjennom apparatet, Det verkar som dette er automatsikringar som gjer at anlegget ditt er godt verna mot lynnedslag og tull frå nettet. Eg fylgte same prosedyre eg hadde brukt på Minisub med ein god times oppvarming vart brukt før lyttinga tok til. No hadde eg Minisub ståande konstant påslått under Sigmas, slik at relativt raske skift mellom apparata kunne gjerast. Ingen av apparata vart slått av på over ein månad, noko som heller ikkje bør vere nødvendig. Utsjånaden elles er eigentleg ganske lik på desse to modellane, anna enn dei nemnde sbrytarane/sikringane, og at Sigmas har grovare kontaktar og eigen nettkabel, med grovare plugg som ikkje passar i Minisub. Det var altså uråd å seie i kva grad skilnaden mellom dei to apparata kom av kabelen. Men den litt innrykka midten av Sigma si frontplate, gjer at det er lett å sjå skilnaden på dei likevel. Når det gjeld det tekniske, opna eg Minisub og fotograferte dei indre organ, men då eg ville gjere det same med Sigmas, synte det seg at siste skruen var plombert. Her skulle tydelegvis ikkje innmaten offentleggjerast, iallfall ikkje utan å ta knekken på ein spesialskrue. Så de får beklagelegvis ikkje foto av anna enn Minisub...og spesialskruen - ein liten stjernesak med tagg i midten, slik at du må ha spesialskrujern tilgjengeleg. Pass på! Eit lite sjokk møtte meg når eg fyrst sette meg ned for finlytting – i oppsettet mitt var det faktisk godt merkbart meir støy av Sigmas. Eg gjorde nokre kontrollskift og kom til at dette likevel ikkje var tilfelle. I den lett opphausa apparatskiftemodus eg hadde vore i, hadde eg ikkje vore nøye nok med plasseringsprosedyrene på kablane. Eg hadde lagt apparat- og signalkablane litt annleis enn vanleg, slik at dei skapte interferens. Dette vart hurtig retta, og problemet forsvann. Lesarane kan altså roe seg ned, Sigmas har absolutt ikkje har dårlegare støyeigenskapar enn veslebror Minisub. Erfaringa sa meg likevel at det er spesielt viktig å halde god kabeldisiplin når ein brukar slike apparat. Når mange kablar krøller seg saman, er interferensfaren stor, og det luraste er å halde desse så parallelle som råd, og la signal og nettleidningar krysse kvarandre berre ein stad, i kontrollerte former. Kanskje du endåtil bør kutte nettkablane så korte som råd, slik at det vert minst muleg spoleeffekt og påverknad av resten av anlegget. Dette er vel så viktig som å kjøpe flotte kablar og fine boksar, og gløymast det, kan anlegget miste viktige eigenskapar. Så korleis høyrest så det ut når apparata brukast? Eg slit med å formulere akkurat kva som skjer. Det er dels eit støyproblem som forsvinn, at det høyrest mindre ”elektronisk” ut, men dette er ikkje det heile. Det er også noko med måten tonen settast på, attakket og den ”innleiande transientdelen” som er karakteristisk for måten desse to apparata høyrest ut. Og så er det forvirrande å prøve å beskrive at det er skilnad på desse to apparata. For det er skilnad, men eg finn rett og slett ikkje ord. Det næraste eg finn er som skilnaden på ei vanleg vinylplate og ei halvfartsgravering, ein slags oppklaring, som du umiddelbart merkar forsvinn om du går attende til å tappe straum direkte frå veggen. Eller som skilnaden på sikta på ein klar dag om sommaren eller ein tilsvarande om hausten (lufta er klarast om hausten der eg kjem frå). Innbyrdes er det akkurat same ”smaken” av begge apparata, men Sigmas har ein kanskje meir kontant måte å servere på. Rett og slett ein del meir av det du finn i Minisub, men ikkje ulikt i vesen, berre meir av det same, noko ein lettast legg merke til i korleis det heile let mindre transistor-aktig i og "digitalt" i overtonane (slett ikkje alle digitale opptak høyrest digitale ut, men her er ordet brukt i den negative forståinga), og korleis bassgitarar så mykje tydelegare vert formidla. Sigmas er altså noko betre, samstundes som eg fleire gonger har mishugsa meg og trudd at det var Minisub som var tilkopla sist medan eg prøvde ut desse to alternativa. Under A/B-utprøvinga var det nesten alltid Sigmas som gjorde mest ut av seg, men graden var til tider ganske lik, kanskje mest merkbart i når overtonar i bassinstrument og perkusjon vart levert med trykk og smell. Eg dristar meg difor til å seie at skilnaden ikkje er spesielt stor, og at Minisub i mange tilfelle vil vere beste kjøpet. I alle fall i anlegg vil eg altså hevde at ein Minisub er heilt greitt, og behovet for Sigmas-oppgradering ikkje er spesielt stor. Eg gjorde også ein del eksperiment med å slutte dei ulike komponentane til dei to apparata, eller direkte til veggen. Eg fann ut at effekten hang saman med kor mykje straum apparata brukte, såleis var dei to effektforsterkarane mest avhengige. Forforsterkaren ARC SP 10 synte seg også å vere ”avhengig” av å vere klart best når han var tilslutta saman med vinylsnurraren. Vinylriggen synte seg då spesielt glad i Sigmas, som her synte at det kunne vere lurt å bruke litt meir kronasje enn billege Minisub, spesielt ved bruk av MC-pickup med låg output. Min referansepickup DV 10x5, var mindre avhengig av Sigmas enn DV17mk3. Dette kan hende kjem av at det låge signalet gjorde riaadelen meir kritisk til støy utanfrå. ARC SP 10 var i si tid ein spesielt kostbar og avansert sak, så kanskje alderen og dei etter kvart mykje brukte komponentane hadde mest att for litt ekstra stell av arbeidsvilkåra. Når det gjeld Creek OBH 17 passive forforsterkar, CD-spelarane og LP12 platespelar var det heller lite å hente med å byte til den dyrare saken. Heller ikkje elektrostathøgtalarane såg ut til å bry seg særleg om å vere tilslutta nettet gjennom boksane, og klarte seg like godt med å hente dei fem watta sine rett frå veggen. Eg eksperimenterte også litt med å ha litt apparat tilslutta Sigmas samstundes som andre fekk straum gjennom Minisub. Og det var altså SP10 som gjorde mest ut av Sigmas. Elles prøvde eg også Sigmas og Minisub på eit langt enklare anlegg enn mi referanse, og her var det nesten uråd å skilje dei to apparata. Den oppklarande effekten av "straumrensinga" var også mykje mindre, men likevel merkbar. Konklusjon: Eit slikt apparat er ei fornuftig investering for dei aller fleste som har ambisjonar om godlyd. Sigmas er tydelegvis best for dei som har gjort større investeringar enn meg, med ambisjonar om å få dei siste detaljane ut av anlegget, og med appell til dei som ynskjer å sikre anlegget ekstra godt mot spenningsvariasjonar på nettet. Men eg tykkjer du også skal vurdere om Minisub gjer jobben godt nok. Det er ikkje særleg anna skilnad på dei enn graden av same effekt, som kan seiast å medføre ei noko reinare og meir tydeleg attgjeving av det øvre bassområdet. Ver merksam på at mitt anlegg er ganske lettdrive. Tungdrivne høgtalarar kan medføre at effektforsterkarar jobbar hardare, og såleis kan effekten av Sigmas kanskje verte kraftigare. Eg har heller ikkje hatt høve til å vurdere i kva grad effekten av straumreinsing skiljar seg geografisk, om det er like stor utteljing der elnettet er moderne og godt dimensjoner, og der det ikkje er det. Uansett har eg vorte overraska over kor mykje det eigentleg fører til å bruke straumreinsing, så eg vert nøydd til å prøve endå fleire slike dingsar for å verte medviten om potensialet. For Sigmas er slett ikkje dyraste alternativet på marknaden… Pris: 12 995 kr Importør: www.hificenter.no]]>
ajeem@online.no (Arve Åheim)
Tilbehør
Fri, 31 Aug 2007 23:00:00 +0000
Logitech Wireless Music System for PC
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/294-logitech-wireless-music-system-for-pc
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/294-logitech-wireless-music-system-for-pc
Produkter knyttet til PC som lydkilde er et aktuelt tema for tiden, og et av satsingsområdene for oss i Audiophile,no. Denne gangen kan vi presentere en test av et system for trådløs overføring fra Logitech. Skrevet av Karl Erik Sylthe, den 12.05.07 Jeg vet ikke om Henry Logitech satte seg som mål å bli duppedittenes konge som gutt, men det er vel neppe tvil om at målet har gått i oppfyllelse. Det er spesielt PC-tilbehør vi forbinder med denne bedriften, men også fjernkontroller i ulike varianter. Og i senere tid har Logitech også kjøpt opp Slim Devices, som står for den kjente Squeezebox. For ikke å snakke om den audiofile godbiten Transporter. Bokser som er spesielt egnet til å hente musikk fra PCen din inn til stereoanlegget i stua. Men Logitech har syslet med trådløsoverføring av lyd før de kjøpte opp Slim Devices, og dagens testubjekt er det Blåtann-baserte Logitech Wireless Music System for PC. Et ganske aktuelt tema for tiden, nå da PCen blir stadig mer sentral som underholdningssenter. Dette settet består av 3-4 deler, alt etter hvordan man teller. Første ledd i kjeden er en USB-enhet som fungerer som sender. Denne kan man valgfritt plugge direkte inn i PCen, eller det kan gå via en kablet USB-dock. Mottakeren kobles analogt til musikkanlegget, via enten stereo RCA utgang, eller 3,5mm minijack utgang. Positivet er det at det er enn bryter hvor du kan velge mellom fixed eller variabelt nivå på utgangene. Det følger også med en liten fjernnkontroll som sender kontrollsignaler til mottakeren, men som egentlig videreformidles via den trådløse linken til PCen som kilde. Og her er det funksjoner for volum opp/ned, mute, pause og nest forrige spor. Utseendemessig gjør komponent ene en god figur. Både USB-sender og dockingstasjonen har bra design og god finish. Og mottakeren har et umiskjennelig preg som gjør at man får assosiasjoner til et større amerikansk fruktselskap, med sine overflater i sort high-gloss og børstet alum….ehh…børstet plast. Uansett – med sine lett avrundede hjørner får vi en liten anelse om hvordan en iPhone kommer til å rigge i terrenget. Dette settet er usedvanlig enkelt å rigge opp. Et par analoge stereokabler inn i forforsterkeren fra mottakeren, og USB-senderen rett inn i Laptopen, og kvelden i sofakroken er berget fra første øyeblikk. Selv om det følger med et program på CD, er det slett ikke nødvendig å installere dette for den enkleste bruken. Og en viktig komfortdetalj er at i det du plugger inn USB-senderen til en USB-inngang, og PCen og resten av systemet får noen sekunder på seg for å oppnå kontakt, mutes PCens eget lydsystem samtidig med at godlyden strømmer ut av det anlegget du har brukt generasjoner på å bygge opp. En annen betjeningsmessig fordel er at volumkontrollen i PCen også deaktiveres, mens programmenes volumkontroll fremdeles er aktive. Skal du bare sende lyd fra PCen du sitter og betjener, er det som sagt overflødig å installere programmet. Og kanskje kan du med fordel la være også, for det gjør håndteringen ekstra enkel. Men dersom du ønsker litt mer avansert bruk, svarer det seg å installere det medfølgende ”Logitech Music Anywhere”. Derrmed kan fjernkontrollen komme til nytte, dersom du for eksempel setter opp en spilleliste i iTunes, og skal fjernbetjene denne fra avstand. Programmet er for øvrig kompatibelt med en rekke program, som Windows MediaPlayer, iTunes, Musicmatch, RealPlayer og Winamp. Jeg fant fjernkontrollen å være litt kresen på at man sikter direkte mot mottakeren, og at avstanden ikke var alt for stor. Det samme kan ikke sies om den trådløse overføringen. Jeg hadde ingen problem med å beholde kontakten selv om jeg bar med meg laptopen inn til soverommet ca.. tjue meter unna mottakeren, og med mange vegger i mellom. Og skulle det likevel skorte, kan man forbedre forholdene ved å benytte den medfølgende dockingstasjonen. Jeg forsøkte å koble sender til to ulike PCer i huset, og fikk like godt resultat på begge. Derimot strakk jeg strikken litt for langt da jeg forsøkte å plugge senderen inn i USB-huben på en iPod dockingstasjon i håp om å få lyd fra iPoden. Det ligger vel rett og slett på siden av kompetansen. Til gjengjeld finnes det et eget tilsvarende Logitechsystem for iPod. Og kanskje er det mulig å kombinere disse senderne i et større nettverk? I hvert fall finnes det tilleggsmottakere å få kjøpt, dersom du ønsker å sende signalet til flere musikkanlegg i huset. Lyden Det store spørsmålet her er selvfølgelig hvordan lydkvaliteten er. Og det igjen kommer helt an på hvilke briller man tar på. For det er ikke til å stikke under en stol at det ikke er fullstendig transparent gjengivelse gjennom denne trådløse linken. I toppen er det en anelse forsiktighet, men ikke mer enn at det greit kan passere. Litt mer vesentlig er det at det er et lite slør over gjengivelsen, et slør som blant annet gjør at noen detaljer i lyden kan bli maskert. Det er fristende å sammenligne dette med det man kan oppleve med bitreduksjon, uten at jeg vet noe om hva som forårsaker dette rent teknisk. Om det ligger i selve den trådløse overføringen, eller om det er DA-konvertering og analoge kretser i mottakerdelen. Det beste hadde uansett vært en fordel om det fantes en digital utgang på mottakeren. Men – og det er viktig å merke seg – de kritiske merknadene ovenfor må ses i et audiofilt perspektiv i forholde til dersom man skulle ønske å legge inn platesamlingen på PC, og ha en slik overføring som hovedkilde. Det er rett og slett et bruksområde jeg ikke kan anbefale med dette systemet, dersom du stiller høye krav til gjengivelsen. Hvis vi derimot snakker om en mer sporadisk bruk, som lytting til webradio, podcast, MP3-filer og annen lyd fra PCen, er kvaliteten utmerket, og mer enn tilstrekkelig. Og i likhet med mange andre løsninger for overføring fra PC til stereoanlegg, er nettopp bruken avgjørende for hvilken løsning man bør velge. Logitech Wireless Music for PC vil jeg si er et system som er glimrende for å sende lyd fra en PC, og kanskje spesielt fra en bærbar. Jeg ville heller ikke vært betenkt med å benytte systemet for å sende musikk til sekundære anlegg i et multiromsoppsett. Men altså ikke fra server til et hovedanlegg. Hvis du derimot skal ha et system hvor du skal hente musikk fra PCen, er det ikke bare lydkvaliteten som gir en begrensning, men også mangel på visuelt grensesnitt gir klare begrensninger i brukskvaliteten. Et slikt oppsett bør ha en form for display som minimum. Skal man sammenligne dette systemet men andre system, er det kanskje nærliggende å tenke på Apple sitt Airport Express. Ikke mist på grunn av prislappen, som i begge tilfeller ligger i overkant av en tusenlapp. Men det er vesentlige forskjeller i egenskaper, og dermed også i anbefalte bruksområder. For mens Airport Express kan skilte med digital utgang, og tapsfri gjengivelse, har den ikke det enkle grensesnittet som Logitech sitt system har. Og det er vel heller ikke like universelt for all lyd fra PC, i hvert fall ikke uten bruk av tilleggsprogram. Konklusjon Logitech Wireless Music System for PC er altså et tiltalende og meget godt system for de rette bruksområdene. Og virkelig innertier hvis du vil ha et system for overføring av lyd fra laptoppen i sofakroken til musikkanlegget. Skal du derimot ha et system for å hente musikk fra en PC som server, vil jeg anbefale å se på andre alternativ, både på grunn av at lydgjengivelsen ikke er helt transparent, og på grunn av begrenset funksjonalitet til det formålet. Og samtidig må du trolig åpne lommeboken en god del mer. For med de forutsetningene nevnt ovenfor, gir dette systemet god valuta for de snaue tretten hundre som er veiledende pris. Og for den utrolig lave prisen en av de store elektrokjedebutikkene forlanger i skrivende stund, er dette tidenes løp og kjøp. Veil. pris i Norge: Kr. 1.299,- Importør: Logitech]]>
karl.erik@audiophile.no (Karl Erik Sylthe)
Tilbehør
Fri, 11 May 2007 23:00:00 +0000
Isotek GII mini sub
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/298-isotek-gii-mini-sub
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/298-isotek-gii-mini-sub
Av og til blir ein stakkars hifiskribent berre heilt overbegeistra. Dingsen kom til utprøving i går. Det er alt for tidleg å publisere ein reflektert artikkel, men i mi overstadige begeistring klarte eg ikkje å la vere... Så altså: Er dette endå meir hifi-voodoo, eller eit produkt som kan forbetre lyden i anlegget ditt? Gjett tre gonger.... Av Arve Åheim 24.02.2007 På Hificenterkjeden si haustmesse møtte eg Keith frå Isotek, som villeg fortalde om korleis kvaliteten på straumforsyninga kunne verke inn på lyden. Dette var slett ikkje nytt for meg, men ein del tankar om korleis interferens mellom apparata og korleis desse kunne påverke kvarandre, og anlegget kunne ende opp med eit dårleg lydresultat, var riktig interessant. Isotek har som forretningside å konstruere produkt som nettopp skal gjere noko med dette. Sjølv om eg tidlegare har høyrt ymse nettfilter i heimeanlegget utan å ha funne det bryet vert å investere i ein ekstra boks i anlegget, tenkte eg alvorleg på ein del problem eg har. Min noko tilårskomne ARC SP 10 lagar etter kvart litt støy. Når eg skiftar CD, er det ikkje vanskeleg å høyre om min gamle rør-riaa er påslått eller ikkje. Og etter eit uhell eg hadde med InnerSound sin kombinerte bassforsterkar/elektronisk delefilter, er anlegget så fritt for elektronisk sus som eg skulle ynskje meg. Dessutan merkar eg interferens frå lysrør og anna elektrisk utstyr i anlegget, så då sjansen baud seg, takka eg ja til å prøve ut Isotek GII Minisub, Boksen kom, ikkje forskrekkande tung, og utan eigen straumkabel. Eg sjekka bruksrettleiinga for ein gongs skuld, og fann ut at det var ganske enkle greier å forholde seg til. To uttak som skulle vere tilpassa effektforsterkarar, og her vart bassforsterkar og effektforsterkarane tilknytta. Dei fire resterande kontaktene vart fylt opp med støypsel frå CD-spelar, ARC SP 10, platespelaren og den vesle Creek OBH 22, (som strengt tatt ikkje brukar straum). Ein straumkabel av god kvalitet frå Electrocompaniet vart brukt til å sette anlegget i veggen, og vanleg påslåingsprosedyre vart iverksatt. Plassering vart gjort fort og ukritisk. Og effekten var umiddelbar. Udiskutabel og øyeblikkeleg forbetring av lyden. Alt elektronisk gruff og susing var sterkt redusert då det var lyd igjennom anlegget, lett å høyre sjølv før eg kom til godstolen. Og ikkje berre det – eit raskt besøk i sweetspot var det tydeleg at musikalske detaljar, tredimensjonaliet og dynamikk hadde vesentlege forbetringar. Anders Ertzeid hadde sagt at boksen tilpassa seg dei ”forventingane” som dei ulike elektroniske komponentane hadde om straumbehov i laupet av dei fyrste minutta, så då eg hadde det travelt, overlot eg jobben med å spele inn GII Mini Sub til mi 14-årige dotter, som overlukkeleg kunne spele Pink på husryddenivå eit par timar til forelda skulle komme heim att… Fyrste seriøse lyttedags inntrykk. Etter å ha vore gjennom tre timar med kritisk lytting til vinylplater, og i tillegg dura eit par CD-ar, er det heilt klart at Isotek G II Mini Sub gjer ein kjempejobb i anlegget. Ved sida av å bytte signalkjelder eller høgtalarar, er denne ”trylleboksen” ved sida av forforsterkar den einskildkomponent eg har merka har gjort største lydforbetring av lyden i anlegget generelt. Dette er nesten utruleg. Og kanskje heilt utan andre negative biverknadar. Eg er litt i stuss om min Copland CTA 520 har eit snev av forsiktig transistorklang likevel i dette oppsettet. Anders Ertzeid nemnde at om eg kopla effektforsterkar til eit av dei fire minste uttaka kunne det føre til dynamiske avgrensingar. Dette har ikkje eg gjort, og heller ikkje merka det aller minste snev til dynamisk avgrensing, snarare vart nyanseringsevna tydelegare, spesielt når eg spelte på moderate lydnivå, noko som både eg og resten av familien finn best i lengda. Vegen vidare: Begeistringa herjar kropp og sjel! Dette produktet kostar om lag 7000 kr. Det er ein del kroner, men i eit anlegg som mitt er det snakk om ei lydforbetring som gjer denne summen til ein bagatell samanlikna med kva du elles måtte finne på å investere i for å oppnå betre lyd. Så eg berre MÅ publisere artikkelen no, sjølv om det er i ny begeistringsrus. Eg tar sjansen på å seie at Isotek kurerer elektronisk gruff, og bør vurderast om du har litt eldre utstyr som du merkar støyar ein smule. Du får dessutan med deg sånt på heimlån, så sjansen for å tabbe seg ut er minimal. Høyrer du ikkje umiddelbar forbetring av lyden, er det berre å gå attende med dingsen. Det som står att av vurderinga, og som absolutt også burde ha vore med, er å sjekke ut i kva grad Isotek-effekten gjer seg gjeldande også for andre anlegg som har mindre støyproblem enn mitt referanseoppsett. Eg må også prøve visse langtidseffekter, og gjere ein direkte samanlikning med den 5000 kr dyrare modell Sigmas som har same funksjon, men som skal ha endå betre effekt. I alle fall; ein straumreinsar har alle musikkglade hifientusiastar bruk for. Det er berre å kjøpe så fort som råd, før lageret vert tomt… (oppfylgingsartikkel og endeleg konklusjon kjem så fort eg klarer å verte ferdig). Pris: kr 6995,00 Link til forhandlar: www.hificenter.no Produktet og tekniske data: shop_item.cfm?path=10,163&id=1637 ]]>
ajeem@online.no (Arve Åheim)
Tilbehør
Fri, 23 Feb 2007 23:00:00 +0000
Viablue hifi-garnityr - kosmetikk eller godlyd?
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/297-viablue-hifi-garnityr-kosmetikk-eller-godlyd?
/nb-no/omtaler/tilbehor/item/297-viablue-hifi-garnityr-kosmetikk-eller-godlyd?
Det verste du kan skrive om innan hifi, er det utstyret som lyden ikkje går gjennom. Berre religion kan utløyse fleire rasande innlegg enn kabelomtaler. Sist kabelutprøving var fæl, og eg lova meg sjølv at eg skulle halde meg unna sånt ei lang stund. No har det gått ei lang stund.... Av Arve Åheim, juni 2006. Når det gjeld kabeldebattar har eg rekna meg for å vere agnostisk. Eg meiner bestemt å høyre skilnad på kablar, spesielt høgtalarkablar. Iallfall når eg konsentrerer meg, og når eg prøver ut ting fleire gonger over lang tid. Men eg har vanskeleg for å vere med på at kablane er det som får eit anlegg frå å vere berre sånn passeleg til å verte hi-end. Kablar er det siste eg brukar ressursane på, alt anna skal vere i orden før eg prøver å heve lydkvaliteten ved kabelskift.Når det er sagt, innrømmer eg gladeleg at det skjer noko ved kabelskift. Men eg stiller meg ofte tvilande til dei mange fantasifulle teoriane om kvifor. Ved eit par høve har eg funne ut at skilnaden kom av dårleg kontakt. Og alt for ofte oppdagar eg at kabeltvinning forringar lyden i anlegget mitt. I staden for ein svinedyr, lang signalkabel, prøver eg å halde kablane korte og så ryddige som råd. Samanfletting, og framfor alt nærkontakt med straumleidningar, fører til støy og kan verke negativt inn på lyden.Dårleg kontakt er også ein faktor som kan verke inn, og reinsing av kontaktene kan vere positivt. Eg meiner også at kabelplasseringa ser ut til å påverke lyden, og ser ikkje bort frå at det kan vere ein viss mikrofoni i ei leidning, sjølv om det strengt tatt ikkje burde vere rare greiene. Det kan ha noko for seg å legge høgtalarkablane på eit teppe eller halde dei oppe frå golvet på andre måtar, sjølv om eg ikkje har registrert tydelege høyrbare effekter av slike tiltak... Men så var det dette med kabelvalet. Kva er det viktigaste? Ut frå min ståstad er visse faktorar verd å legge vekt på, medan mange luftige tankar kan tonast ned, utan at eg skal seie så mykje om kva som er rett eller gale. Men uansett rår eg folk til ta kablane på heimlån, ha god tid, og stole meir på eigne øyrer enn på teoriar og hifiguruar. Dei viktigaste faktorane er for meg at kablane er solide, har gode kontakter som gjerne kan låsast (iallfall må dei ikkje dette ut for eit godt ord), og at dei handverksmessig held mål. Dårlege loddingar er det ikkje tilgjeving for. Dernest må dei kunne leverast etter mål etter dine behov, slik at du kan strekkje dei både så kort som råd, og utan at dei vert utsatt for interferens frå andre leidningar. Eg trur også at kablar bør ligge i ro, og det gjer dei lettast om dei er litt stive, ikkje for tynne eller for lette. Trafikk rundt anlegget kan føre til at dei flyttar seg, men er det litt vekt i sakene, held dei seg lettare i ro. Det finnest rett nok svært tynne kablar som skal vere fantastiske, men dei har eg så langt ikkje fått prøve. Så inntil vidare; tunge kablar er ynskjeleg. Viablue: eit fornuftig alternativ?Mellom alle dei ulike kabelleverandørar som gjer sine hoser grønne på marknaden, kom eg i kontakt med Xtremecable i Larvik, som importerer produkta frå tyske Viablue. Roy Solstad hadde fått sjansen til å prøve desse, og kommenterte dei i svært så positive ordelag. Eg vart nyfiken, og Jan Richard Karlsen frå Xtremecable sendte meg velvilleg det eg hadde bede om. Dessutan sa han at eg skulle få ta den tida eg trengte, sjølv om eg åtvara han - kabelutprøving bør ta skikkeleg lang tid, tykkjer eg. HøgtalarkablarI mi fyrste kabelomtale her på audiophile konkluderte eg med at høgtalarkablane var viktigare enn signalkablane, ut i frå at eg opplevde at dei har største innverknad på lyden. I mitt oppsett er det to effektforsterkarar, slik at det trengs dob